mandag 11. februar 2013
søndag 27. januar 2013
VISITASFOREDRAG BØMLO
VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I BØMLO
22. - 27. JANUAR 2013
Kjære kyrkjelydar!
Takk for flotte dagar her i dei fire sokna i Bømlo. Eg er imponert over alt det flotte arbeidet både i kyrkje og bedehus som eg har sett og fått høyra om. Det har vore eit godt og mangfaldig visitasprogram. Særleg kjekt har det vore å starta Ungdomsåret i Bjørgvin med fine møte med ungdomen; på skulegudsteneste med Bremnes ungdomsskule med innlagt spørjetime og på ei flott Ung messe med Ten Sing Bømlo i Moster kyrkje. Eg har også møtt kommuneleiinga, lærarane og Moster kulturhistoriske senter, eg har vore på sjukeheimen, på aftansong i Bømlo kyrkje og på Jubileum i Lykling. Dessutan har eg vore i lokala til firmaet Eidesvig og blitt orientert om deira verksemd, og der fekk eg også samtala med dei og andre representanter for næringslivet om klimautfordingane vi står ovanfor.
Men fyrst og fremst har eg lært å kjenna kyrkja på Bømlo gjennom gode samtalar med staben og med prestane, gjennom møtet om trosopplæring og møtet med sokneråda, bedehusleiarane og ungdomsleiarane. Det har også vore ei god hjelp å ha hatt ei velskriven og informativ visitasmelding.
Etter ein visitas skal biskopen oppsummera sine inntrykk i eit visitasforedrag. Foredraget er blitt til i samarbeid med kyrkjefagsjef Tore Skjæveland og etter samtale med prost Svein Arne Theodorsen og trusopplæringsrådgjevar Liv-Helga Fure.
Mi viktigaste melding til dykk er: Ta vare på den gode tradisjonen, tilpass han til vår tid og gje han vidare til nye generasjonar.
GUDSTENESTER
Dette gjeld særleg hovudsamlinga i kyrkja: Gudstenesta – navet i kyrkjelyden, som det heiter i bispedømet sin strategi. Det å ta vare på tradisjonen betyr ikkje å ta vare på alle dei gamle orda og dei gamle formene, men grunnen til å samlast: Vi skal æra den treeinige Gud og vi skal forkynna Kristus. Og det skal vi gje vidare.
De har nett gjort eit stort arbeid med å laga lokale gudstenesteordningar. No må ein bli vant til dei endringane som er gjort og ein må satsa på involvering og levande gudstenester.
Det er godt oppmøte i kyrkjene på Bømlo. Men det kjem ikkje av seg sjølv, den gode vanen må oppmuntrast. Mange går av og til. Det er bra, men lat det bli regelmessig, slik at gudsteneste vert det normale når det er gudsteneste i ditt sokn, og ikkje slik at ein berre går når ein ikkje har noko betre føre. Trua treng gode vaner. Trua må forma oss. Trua må få konsekvensar for vårt liv, koma heilt ned i føtene. Då aukar vi Guds ære og vert velsigna sjølv.
TRUSOPPLÆRING
Det er viktig at trusopplæringa er knytt til gudstenester, for borna må læra seg kva det er å gå til gudsteneste. Då må ein legga det opp slik at gudstenestene blir for alle. Nokre stader er det ein fare for at trusopplæringa overveldar kyrkjelyden med fasegudstenester i staden for å bli ein naturleg del av gudstenestelivet. Men dette veit de om, og her har de gode trusopplærarar, prestar og kantorar som ser at trusopplæringa og gudstenesteordninga må planleggast saman, både når ein lagar dei store planane og i planlegginga rundt den einskilde gudstenesta. Eg har inntrykk at de har ei realistisk og heilskapleg planlegging og eit mål om systematisk og samanhengande trusopplæring.
Men de har ei særleg utfordring med fire sokn og til dels lange avstandar. Ein må spørja seg om ein treng å ha heilt like opplegg i alle fire sokna, eller om ein for nokre årskull kan slå saman og ha felles tiltak slik at ressursane når lenger.
GJEVARTENESTE
Det er lang tradisjon med å gje til kristen arbeid her på Bømlo og det er stor gjevarglede. Dette er ein viktig tradisjon å ta vare på. Og difor vil eg utfordra dykk til å sjå på gjevartenesta. Ikkje fordi den er dårleg, men fordi den må takast vare på, og byggast vidare ut. Eg tar nok ikkje mykje feil når eg gjettar på at dei eldre er flinkare enn dei yngre og dei som går oftast på bedehus og kyrkja er flinkare enn dei som går sjeldan. Nettopp derfor må ein sjå på korleis gjevarteneste og medansvar kan forkynnast for ein ny generasjon, om ein kan gjera det på nye måtar og venda seg til nye grupper.
Organiser gjevartenesta slik at folk kan gje til barnearbeid, ungdomsarbeid eller til kor eller til diakoni eller noko anna målretta som dei kan sjå resultatet av! Eg trur t.d. at mange foreldre som vanlegvis ikkje er så ofte i kyrkje eller bedehus vil gje til eit barnearbeid eller eit trusopplæringsarbeid som gjeld deira born.
Og i våre dagar er det mykje lettare med faste trekk i nettbanken, dei fleste vil ikkje merka det, men arbeidet vil merke det.
FRIVILLIGE eller uløna medarbeidarar.
Det kristne arbeidet har i generasjonar vore bore av uløna medarbeidarar som har stilt opp frivillig og stått på i årevis, og vi har lett for å tenka at slik vil det halda fram. Men det gjer det ikkje. Undersøkingar viser at haldninga til frivillig innsats endrar seg i folket. Ikkje slik at folk er uvillige, men dei vil heller vera med på kortsiktige enn langsiktige opplegg. Dei spør etter kva dei får igjen for det, og om det er kjekt og om dei vert følgt opp og tatt vare på. Det betyr at kyrkja må bruka meir tid på oppfølging av dei frivillige enn før.
Eg veit at trusopplærarane og diakonimedarbeidaren har ei god oversikt over dei uløna medarbeidarane. Det er bra. Det er eit godt utgangspunkt for å ta neste steg som er å følgja dei meir systematisk opp. Medarbeidarane treng opplæring, oppfølging og at nokon ser dei. Nokre gonger treng dei også tilbod om kurs eller litteratur. Det tar tid, men det er ei viktig oppgåve, så vi ikkje sliter ut dei trufaste medarbeidarane som vi har.
Difor må oppfølginga av dei frivillige forankrast tydeleg i staben! Det treng ikkje vera berre hos ein person, men nokon må ha ansvaret for frivillige. Ein må tenka slik at å be folk om å vera med inneber ansvar for oppfølging. Dermed vert det å vera frivillig også ein måte å nærma seg kyrkja på, å nærma seg trua for nye grupper. For det kjem nye grupper. Mange stader viser det seg at trusopplæringa fører mange foreldre nærmare kyrkja og mange av dei kan tenka seg å gjera ein innsats. Den sjansen må kyrkja gripa. Desse nye medarbeidarane må bli møtt og tatt vare på.
UNGDOMSARBEIDET
Eg hadde eit flott møte med fleire ungdomsleiarar og vart imponert over det mangfaldige arbeidet. Det var svært positivt å møta unge leiarar. For noko av det viktigaste for å få eit varig ungdomsarbeid er å driva kontinuerleg leiaropplæring. Blant alt det gode ungdomsarbeidet eg har høyrt om, vil eg særleg framheva Ten Sing Bømlo som fekk frivilligprisen til prostirådet, fordi dei fostrar unge leiarar og lar ungdomen driva koret sjølv. Det er framtidsretta ungdomsarbeid. Dette er og eit døme på den gode involvering som skjer i mange arbeidslag på Bømlo, at ein tar ungdom på alvor og lar dei få innflytelse på det som skjer både i arbeidet på bedehuset og i gudstenester. Et anna godt døme er Ungdomsalpha som gjev fordjuping i trua så ungdom kan veksa.
Bispedømet sin strategi seier: Ungdom - vekst i trua. Difor er mi viktigaste utfordring til dykk: Ha tilbod som tek vare på dei unge også etter konfirmasjonen! Sats på leiarkurs og systematisk leiaropplæring, men òg på andre tiltak som famnar breiare!
BEDEHUSET
Dett var flott å møta bedehusleiarane og sjå det nye Jerusalem (eller var det Salem?) som er eit godt døme på eit moderne og framtidsretta bedehus. Samarbeidet med bedehuset er ein verdifull tradisjon som ein må ta vare på. Her vil eg gjera tidlegare sekretær i indremisjonssamskipnaden Bjarne Eide sine ord til mine: «Der kyrkje og bedehus går hand i hand i bygdene våre, der når Guds rike lengst».
Kyrkje og bedehus treng kvarandre gjensidig. Kyrkja er god på breidda og bedehuset på djupna og fellesskapet. Det er fint at ein har samrådingsmøter to gonger i semesteret og at ein unngår konkurranse. Men kanskje skulle ein snakka enno meir om det innhaldsmessige. Her er det to ting eg gjerne vil ta fram:
1) Kven som gjer kva i barne og ungdomsarbeidet?
2) Kva treng ungdom og vaksne av forkynning og undervisning for å veksa i trua?
KOMMUNEN
Eg vil takka for møtet med kommunen! Det var reine vitnemøtet der ein frå båe sider tala vel om det gode samarbeidet mellom kyrkje og kommune. Takk for at de gjev kyrkja gode rammer og for at de så klart gjev uttrykk for at de ser den samfunnsbyggande nytten av kyrkja sitt arbeid! For kyrkja vil vera med å bygga gode lokalsamfunn, så denne gode samhandlinga må gå vidare. Eg tenker særleg på dei utfordringane som samhandlingsreforma gjev kommunen. Her vil kyrkja sitt diakoniarbeid vera ein god samarbeidspart, både med diakonimedarbeidaren sitt bidrag, men ikkje minst med alle dei frivillige ressursane som ei slik stilling utløyser. Difor er stabile økonomiske rammer for diakonimedarbeidarstillinga viktig.
TAKK
Eg vil avrunda med å takka prestane, kyrkjeverja og resten av staben, dere gjer alle ein dyktig og heilhjarta innsats! Takk til alle som har vore med og skrive visitasmeldinga, ho er god og innhaldsrik og den er innarbeida i dette visitasforedraget. Takk for flott tilrettelegging av visitasen og gode møter og gudstenester. Ein særskild takk vil eg også rette til kyrkjemusikarane, for at de er med og lyfter gudstenestelivet gjennom korsong og framifrå musisering, slik vi har sett det her i dag! Like eins takkar eg alle de som sitt i sokneråda for den uløna innsatsen de gjer!
Takk også til prosten som har vore med å legga til rette og planlegga denne visitasen og har vore med heile vegen og som leier prestetenesta og held si milde hand over Bømlo når biskopen ikkje er der.
AVSLUTNING
Lat meg avslutta med å minna om visjonen til bispedømet:
SAMAN VIL VI ÆRE DEN TREEINIGE GUD, VED Å: FORKYNNE KRISTUS, BYGGJE KYRKJELYDAR, FREMJE RETTFERD.
Og så vil eg gjenta utfordringane til dykk, som oppsummerar denne visitasen:
• Gå til gudsteneste regelmessig for Guds skuld og di eiga skuld!
• Gjevartenesta må leggjast til rette og forkynnast for nye generasjoner
• Styrk oppfølginga av dei frivillige uløna medarbeidarane ved at nokon i staben har det som ei særskild oppgåve, og har tid til denne oppgåva.
• Sats på ungdommen nå i Ungdomsåret! Styrk leiartreninga og involveringa av ungdom i gudstenesta!
Og med desse utfordringane takkar eg for meg og reiser frå Bømlo med mange gode minne. Eg er takksam, glad og stolt over å få vere dykkar biskop, og eg ynskjer Guds signing over kyrkjelydane i Bremnes, Lykling, Bømlo og Moster!
Bjørgvin bispestol, 27. januar 2013
Halvor Nordhaug

søndag 13. januar 2013
VENNER FOR LIVET Preken ved åpningen av Ungdomsåret 2013
Bergen
domkirke, 13.01.13 Prekentekst: Kol 1, 15-20
Prekenteksten for dagen i dag, 2. søndag i
åpenbaringstiden, er hentet fra apostelen Paulus sitt brev til Kolosserne i det
første kapittel, og det er Jesus han skriver om:
Han er den usynlige Guds bilde,
den førstefødte før alt det skapte.
16 For i ham er alt blitt skapt,
i himmelen og på jorden,
det synlige og det usynlige,
troner og herskere,
makter og åndskrefter –
alt er skapt ved ham og til ham.
17 Han er før alt,
og i ham blir alt holdt sammen.
18 Han er hodet for kroppen, som er kirken.
Han er opphavet,
den førstefødte fra de døde,
så han i ett og alt kan være den fremste.
19 For i ham ville Gud la hele sin fylde ta bolig,
20 og ved ham ville Gud forsone alt med seg selv,
det som er på jorden, og det som er i himmelen,
da han skapte fred ved hans blod på korset.

Slik
lyder Herrens Ord
Det finnes et offentlig
nettsted som heter ung.no. Her kan ungdom skrive inn og fortelle om sine
erfaringer og stille spørsmål om alt mellom himmel og jord som de er opptatt av,
om forelskelse, om mat og kropp og sex og musikk og mye mer.
Det er interessant for en
eldre herre som meg å titte inn her og få et blikk inn i unge menneskers
verden.
Her er en liten smakebit på noe jeg fant: En som heter
Andreas gir råd om hvordan han mener en gutt bør gå fram for å ta kontakt med
jenta han er interessert i: «Jeg tror
det beste er at han sier hva han føler til en kompis, som kan presse han og si:
"Go and get her, tiger! Dette klarer du!".
Var det et godt råd? Det var i hvert fall morsomt skrevet. Men alt som
står på ung.no er ikke like morsomt.
Her har for eksempel en jente
som kaller seg Hanne, skrevet følgende innlegg: «Jeg går i niende og begynte på
en ny skole første semester, og har ikke fått noen nye venner. Det er som om
jeg er usynlig. Jeg tør ikke å si noe i grupper, for hvis jeg gjør det føler
jeg meg bare usikker. Så da er jeg heller stille. Nå på min nye skole finnes
det noen jeg har lyst til å bli venner med, men jeg er redd for å prate med
dem. Tenk om de syns jeg er rar, jeg tør liksom ikke å bare gå frem og prate
med dem. Hva skal jeg gjøre???»
«Tenk om de syns jeg er rar».
Hanne er redd for at hun ikke er bra nok, ikke holder
mål.
For mange ungdommer det nettopp dette som er problemet:
Hva mener de andre om meg? Ser jeg bra nok ut? Er jeg passe flink på skolen,
ikke for dum, men heller ikke for flink? Hva skal jeg snakke med dem om?
Det er mye som er flott å med å være tenåring. Men mange har
kanskje til tider kjent det som Hanne: «… jeg føler meg bare usikker»
Mange ungdommer spør seg omtrent dette: Har jeg noen jeg
kan regne helt sikkert som min venn? Noen har opplevd at hun eller han som de trodde de var
venn med i går, ikke er det på samme måten i dag. Uten at de helt skjønner
hvorfor.
Det er vondt å være ensom, mangle venner.
Hanne sier det slik: «Det er som om jeg er usynlig»
II
I dag markerer vi åpningen av Ungdomsåret 2013 i Bjørgvin
bispedømme (Hordaland og Sogn og Fjordane fylker). Dette året vil vi snakke med unge mennesker fra 15 år og
oppover – og si til dem: Du er sett. Du er ikke usynlig. Om ingen andre ser deg
og vet hva du tenker og hvem du er, så har du likevel en venn.
Du er skapt av Gud, og han angrer ikke på deg. Det har
han aldri gjort. Du behøver ikke være alene. Du har en venn.
Ungdomsåret har et motto: «Venner for livet». Gud vil
være din venn og min venn. Det var jo det som var meningen fra begynnelsen av.
Men historien om menneskene handler om at vi har gjort
oss selv til Guds uvenner. Han har gitt oss livet og alt, men vi har vendt ham
ryggen. Da mistet vi retningssansen og gikk oss bort.
Den første jula i Betlehem begynte Guds leteaksjon etter
sine bortkomne venner. For å være vår
venn ble Gud en av oss i gutten Jesus. Han skulle ta oss med hjem til Gud.
I den bibelteksten vi hørte lest, står det slik: «ved
Jesus ville Gud forsone alt med seg selv»
Og i teksten fra Johannesevangeliets første kapittel, som
leste tidligere i gudstjenesten, ble det sagt om Jesus: «Se, Guds lam, som
bærer bort verdens synd»
III
Hvis jeg har gjort noe dumt og ødelagt et vennskap. Kan jeg
da gjøre noe for at vi skal bli venner igjen? Ja, jeg kan be om tilgivelse!
Slik er det også med vennskapet vi ødela med Gud. Jesus
sier: «Du er tilgitt. Jeg har forsonet deg med Gud. La oss være venner. Jeg vil
være din venn alltid. Uansett hva du gjør – så har du meg. Det er ikke bare det
at jeg tåler deg, men jeg liker deg, ja – jeg elsker deg! Du er elsket ikke
fordi du er flink men fordi du er du.»
Det handler denne sangen om som Irene Tianshu Bernhoft skal synge: SANG
“Could you send someone who will love me for me. Not
for what I have done or what I will become.”
«Kunne
du sende noen som vil elske meg for den jeg er, og ikke for det jeg har gjort
eller skal bli.»
Og Gud
svarer: Ja! Ja! Ja! Det er jo det jeg har gjort.
Dere
som er i kirken i dag har fått utdelt et program med et bilde på forsiden. Det
er et bilde vi kommer til å bruke mye i Ungdomsåret.
Det er et svært gammelt bilde, et ikon fra 600-tallet,
som viser Jesus og en mann med skjegg. Det heter Jesus og hans venn. Begge står
og ser rett på oss. Begge er omtrent like høye.
Hva er spesielt med dette bilde? Jesus har lagt hånda
over skulderen til vennen sin.
Det er
dette vi vil fortelle i Ungdomsåret: Du har en venn. Han har langt hånden på
skulderen din, og vil gå sammen med deg gjennom livet. Blir du med?
Abonner på:
Innlegg (Atom)